Velkomen til Hetle Auto ANR AS

 

Hetle Auto har lang fartstid i bilbransjen og blei etablert på Breim i 1988. I 2016 skifta selskapet eigarar og starta opp igjen som Hetle Auto ANR AS.

Vi driv primært med sal av nyare brukte person- og varebilar. Vi har til ei kvar tid stort utval av nyare bruktbilar til særs gunstige prisar. Vi strekker oss også langt for å skaffe bilar etter kundens ynskje. Vi sel om lag 150-200  bilar i året.      

Frå oppstarten av det nye selskapet i 2016 har vi starta Autorisert bilverkstad som tek service, Eu-kontroll og reparasjonar av lette køyretøy.

I løpet av dei siste to åra har vi knytta til oss Breim Bilpleie og Rent A Wreck bilutleige som driv sine bedrifter i våre lokaler. Vi er opptekne av å utvikle bedrifta for lokalmijøet og med dette samarbeidet har vi fått eit breiare og betre tilbod for kundane våre.

Vi held til i Reed sentrum ved E-39 mellom Byrkjelo og Sandane. 
Ta kontakt eller turen innom for ein hyggjeleg bilprat!